a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

9,2 millionar til utsiktsrydding

Sogn og Fjordane har fått tildelt vel 9,2 mill kr som skal nyttast til utsiktsrydding i 2017. Det er ein rekord-stor pott, og vi ynskjer oss mange og gode søknadar. Søknadane vil bli   handsama fortløpande. Søknaden skal sendast til kommunen der tiltaket skal utførast. Kommunen gjev fråsegn til søknaden og sender saka til Fylkesmannen.

 Kva strekningar kan godkjennast?
Tilskotet gjeld utsiktsrydding langs ferdselsårar som vegar, stiar og vegnære utsiktspunkt som gjev auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap. Strekningane som skal ryddast må vera tilgjengeleg for og kunna nyttast av ålmenta. Dersom arealet som vert rydda er egna som beite, er det krav om at arealet vert beita i minimum dei tre første åra etter rydding. Ved rydding av beite langsmed ferdselsårar vil den delen av beitet som gjev auka utsikt frå vegen gjennom rydding kunna søkast om tilskot for gjennom denne ordninga. Tiltaket skal syna fram landbruket sitt kulturlandskap, og det skal vera positivt og for reiselivet. Det er vidare positivt om rydningsvirket eller deler av ryddingsvirket kan nyttast til bioengeri (ikkje krav).

 

Stryn etter utsiktsrydding - Klikk for stort bilete

 

 

Kva er utsiktsrydding?
Utsiktsrydding er fjerning av tre, renningar og busker langsmed ferdselsårar som veg og sti for å gje brukarane betre utsikt til det kringliggande landskapet. Utsiktsrydding er sjeldan snauhogst, men skal utførast i form av stammekvisting og avstandsregulering. Dette reduserer solinnstrålinga til botnvegetasjonen, og saman med stubbebehandling reduserer det gjenvekst av ny vegetasjon, samstundes som det gjev auka utsikt. Denne metoden blei utprøvd med gode resultat i eit prosjekt som Fylkesmannen dreiv tidlegare; Opne landskap, og ordninga Tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap vart innført i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal frå nasjonalt hald fom 2016.

Kven kan søkja?
Alle føretak med organisasjonsnummer og grunneigarløyve kan søka om tilskot. Det vil sei at både grunneigarar, grunneigarlag, andre lag/organisasjonar, kommunar med fleire kan søka om tilskot. Det kan gjevast inntil 70% tilskot av godkjent ryddekostnad.

Korleis skal de søkja?
Søknadsskjemaet under skal nyttast, og bilde og kart samt kopi av eventuelle grunneigaravtalar eller beiteavtalar skal leggjast ved søknaden. Søknadane vert handsama fortløpande, det er ingen søknadsfrist.

Forskrift om tilskudd til utsiktsrydding i tilknytning til landbrukets kulturlandskap, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 20.03.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering