a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

MOT i skule og fritid

MOT-Programmet er eit verktøy for å byggje oppunder skulen og fritidsmiljøet sitt arbeid med å skape varme og trygge miljø og styrke enkeltindividets mot til å ta vare på seg sjølv.

Venstre side: Amanda T. Veiteberg, Jakob Kvamme, Maria Lødemel, Elin Håberg 
Høgre side: Lene Drageset, Henriette Løveng Berge, Kristine Eide, Sondre Nygård

 | Fotograf: Reidun Elisabeth Sandnes
UMM fotograf Reidun Elisabeth Sandnes
Fotograf: Per Ingebrigt Karbø
Stryn vidaregåande skule - Per Egil Steinsåker, Therese Dispen, Rune Bratseth og Rolf Spjelkavik. fotograf Per Ingebrigt Karbø

MOT i ungdomsskule
MOT i ungdomsskulen er eit program der elevane møter MOT 15 gonger over 3 år. Alle besøka har forskjellig innhald, og tar sikte på å skape eit godt miljø gjennom å bevisstgjere og trene ungdommane i samhandling og kommunikasjon. Vidare fokuserar ein også på å sette grenser for seg sjølv, og respektere andre sine grenser, i det å fokusere på det positive og rose seg sjølv og andre, skape meistring og gje kvarandre kjensla av å vere viktig og verdifulle.

MOT i vidaregåande skule
MOT i vidaregåande skule er eit program der elevane møter MOT 9 gonger over 3 år. Besøka byggjer vidare på programmet frå ungdomsskulen, der ungdommane får trening i å nytte MOTs kommunikasjonsverktøy til dagleg, i å ha mot til å bry seg, si nei og til å leve.

MOT i fritid
MOT i fritid er eit verktøy i kultur- og verdibygging blant ungdom og vaksne på deira fritidsarena. Fritida vert ein treningsarena der ungdom kan i stor grad nytte MOT -verktøya dei lære om på skulen ut i livet.  

Onsdag 23. september arrangerte Stryn kommune MOTivatørkurs for lag og organisasjonar i Stryn kommune. Magnus Bjørgan var kurshaldar og gjorde ein flott jobb. Han tok føre seg kort kva MOT står for, kva MOT i fritid går ut på, kva dette samarbeid vil seie for lag/ foreningar som ynskjer samarbeid med MOT. For MOT er lag/organisasjonar ein viktig samarbeidspartner i det haldningsskapande arbeidet. Dei møter ungdom kvar dag og kjenner til dei godt. Sjølv om informatørane gjer ein kjempeflott jobb på besøka, er MOT avhengig av eit solid samarbeid med både skulane og fritids arena for å utvikle seg til lokal samfunn med MOT.

UMM (Ungdom med MOT)
Ungdom med MOT er utvald ungdom i alderen 14-25 år. I Stryn kommune er dei valde frå 9. klasse. Desse skal vere gode rollemodellar for andre ungdommar, og skal følgje MOT sine kjerneverdiar som er:
mot til å leve
mot til å bry seg
mot til å seie nei.

Stryn vidaregåande skule
Stryn kommune er også med i MOT-arbeidet. Under landslagsamlinga i Stjørdal 10. til 12. september mottok dei pris for 4 år som MOT- skule. Therese Dispen er mjølkoordinator og primus motor for MOT på Stryn vidaregåande skule.
http://www.stryn.vgs.no/cms/stryn/cms.nsf/($All)/7253043F3C9FECE8C12574C2002530EB?OpenDocument

Publisert av Reidun Elisabeth Sandnes. Sist endra 15.12.2009
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering