a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Rådmannen informerer

Den administrative organiseringa i Stryn kommune bygger på ein såkalla trenivå-modell. Det vil seie at kommunen har eitt leiarnivå – etatsleiarar - mellom rådmannsnivået og leiarane for dei utøvande tenestene.

Fotograf: Karen Stølen
Rådmann Per Kristian Storevik fotograf Karen Stølen

Den kommunale administrasjonen gjennspeglar i hovudsak den politiske styringsstrukturen med skule- og kulturetat og helse- og sosialetat. Med verknad frå 03.10.05 vart tidlegare teknisk etat ein del av den sentrale administrative leiinga - sentraladministrasjonen.

Sentraladministrasjonen ved rådmannen har den overordna leiinga av kommunen si samla verksemd. I dette ligg det å legge til rette for og koordinere dei oppgåvene som kommunen har, sjå til at politiske vedtak vert gjennomførde og føre tilsyn med heile forvaltninga i kommunen.

For å løyse oppgåvene er sentraladministrasjonen i Stryn delt inn i desse seksjonane:

  • Servicekontoret
  • Plan- og utvikling - her medrekna landbruk, næringsutvikling og miljø
  • Økonomi med rekneskap, IKT og skatteinnkrevjing
  • Organisasjons- og personalfunksjon
  • Bygg og eigedom
  • Kart og oppmåling
  • Byggesak og regulering
  • Brann, feiing og redning
  • Kommunalteknikk

    Rådmannsrolla er både ein funksjon og ei stilling. Den heilheitlege rolla som kommunelova legg til grunn, kan ikkje utøvast av ein person åleine, den må utøvast av eit team. For Stryn kommune utgjer rådmann, kontorsjef, skule- og kultursjef og helse- og sosialsjef dette teamet (toppleiargruppa) med rådmannen som leiar.

    Mål for toppleiargruppa i Stryn kommune.
    - Gruppa skal leie og samordne tenestetilbodet til beste for innbyggarane
    - Gruppa skal syte for ei best mogeleg utnytting av menneskelege og økonomiske ressursar
    - Gruppa skal leie i samsvar med vedtekne politiske mål, lover, føresegner og avtaleverk

    Primæroppgåver:
    Leiing:- Overordna leiing – Setje dagsorden
    - Skape lagånd
    - Setje i verk politiske vedtak
    - Optimalisere ressursbruken
    - Sikre god informasjon og dialog
    - Evaluere resultat og måloppnåing

    Utvikling:- Arbeide for auka kvalitet på tenestene
    - Ta i bruk heile organisasjonen i utviklinga av tenestene
    - Skape engasjement for utvikling og endring

    Samordning:- Finne heilskapsløysingar
    - Samordne og prioritere på tvers av ansvarsområda

    Saker innanfor sentraladministrasjonen sitt spesielle ansvarsområde som det vert arbeidt spesielt med i 2009:

    Servicekontoret:

    · Fullføring av elektronisk arkivplan ut frå endra føresetnader
      o Gjennomføre omlegging til fullelektronisk og papirlaust saks- og personalarkiv arkiv frå 01.01.09. Oppfølging og kontrollar for å få alt til å fungere 
      o Avslutte det papirbaserte saks- og personalarkivet. Kontroll med at alt kjem i mappene
    · Gjennomgang av alle rutinar med tanke på omlegging og nedbemanning frå 01.04.09
    · Vidareutvikle servicekontoret sine tenester
    · Førebu og gjennomføre oppgåver knytt til Stortingsvalet 2009

    Seksjon for plan og utvikling:

    · Følgje opp kommuneplanen for 2006-2017
    . Vere medspelar i sikring og vidareutvikling av lokalt næringsliv
    · Sikre miljøomsyn i all komunal planlegging og verksemd
    · Revisjon av kommunedelplanen for Bøanedsetra/Bøasetra
    · Starte revisjon av kommuneplanen
    · Starte revisjon av plan for differensiert forvaltning av dei verna vassdraga i Stryn
    · Fullføre arbeidet med eigen kystsoneplan (plan for sjøarealet)
    · Følgje opp samla plan for Stryn og Indre Nordfjord som reisemål
    · Følgje opp prosjektet tilflytting til Nordfjord
    · Vassrammedirektivet – første planfase
    · Utarbeide framlegg til bustadsosial handlingsplan
    · Vedta og følgje energi og miljøplan
    · Peike ut plassar der det kan deponerast overskotsmasser m.m.
    · Finne lokalitet for slamdeponering
    · Forvaltning av næringsfond
    · Gardskartprosessen
    · Handsame fagsaker

    Seksjon for økonomi og IKT:

    · Drift og vidareutvikling av kommunen si IKT pattform og bruk av program - jfr. strategisk IKT-plan for Nordfjordkommunane
    · Rekneskapen ligg føre og er godkjende innan gjevne fristar
    · Vurdere løysingar for å redusere driftsutgiftene til telefon og data – jfr. strategisk IKT-plan, under dette IP-telefoni
    · Vurdere anbod banktenester

    Seksjon for personal:

    · Vidareføre arbeidet med IA-avtalen – sjukeførebyggande arbeid i organisasjonen
    · Livsfaseorientert personalpolitikk – seniorpolitikk – rekruttering
    · Følgje opp prosjekt internkontroll/HMS m.m
    · Vurdere anbodsprosess for pensjonsforsikring
    · Legge vekt på å bygge kompetanse i organisasjonen for å utvikle gode tenester, i samband med dette kartlegge og analysere kommunen sitt kompetansebehov og utarbeide plan for gjennomføring av kompetansehevande tiltak

    Seksjon for bygg og eigedom.

    · Vidareføre arbeidet med FDV-plan for dei kommunale bygga, utarbeide bygningsregister i samband med dette
    · Gjennomføre prosjekta prioriterte i økonomiplanen
    · Etablere god rapporteringsordning for byggeprosjekt
    · Gjennomføre tiltak i samband med rapport om energibruk/sparing i kommunale bygg
    · Starte utarbeiding av risikoanalyse av bygningar
    · Vurdere anbodsprosess for el.kjøp

    Anna:

    · Setje i verk/gjennomføre tiltak vedtekne av formannskap og kommunestyre
    · Gjennomføre dei arealerverv som økonomiplanen føreset
    · Utarbeide plan for organisering/bruk av Husmorskuleeigedomen som kommunen har teke over
    · Vidareutvikle innkjøpsrutinane/-ordningane. Vurdere interkommunalt samarbeid om dette
    · Gå gjennom den administrative organiseringa i høve til føreståande leiarskifte

    Seksjon for kart og oppmåling:

    · Førebu gjennomføring av ny lov om eigedomsregistrering
    · Utarbeide nytt gebyrregulativ tilpassa eigedomsregistreringslova med matrikkel
    · Utarbeide ny kartplan/geodataplan for Stryn tilpassa geodataplanen for Sogn og Fjordane og ajourføring av data
    · Oppgradere data på Nordfjordnett.no
    · Taksering av nye skatteobjekt for eigedomsskatt komne til i 2008, skrive ut eigedomsskatt for 2009, klagehandsaming

    Seksjon for byggesak og regulering:

    · Gjennomføre reguleringsarbeidet prioritert for 2009
    · Handsame alle søknads- og meldepliktige tiltak innanfor dei fristar som gjeld
    · Følgje opp prosjektet plan- og temadata – jfr. geodataplanen for Sogn og Fjordane

    Seksjon for brann, feiing og redning:

    · Vidareføre utdanningsplan for brannmannskap
    · Følgje opp avviksmelding etter tilsynet frå DSB
    · Gjennomføre investeringstiltak i økonomiplanen

    Seksjon for kommunalteknikk:

    · Gjennomføre dei utbyggingstiltak som er prioriterte i økonomiplanen
    · Fullføre mål- og strategiplan for vatn og avlaup, under dette revidere hovudplanen for vassforsyning og avlaup
    · Revidere saneringsplanen for avlaupsnettet
    · Utarbeide hovudplan for veg
    · Utarbeide trafikktryggingsplan

    SKULE OG KULTUR.

    Administrasjonen:

    · Utarbeide arkivplan for elektronisk arkiv/sikker og open sone for ytre driftseiningar
    · Elektronisk overføring av tilfeldig lønn
    · Elektronisk rapporteringssystem skule/barnehage/kultur
    · Oppfølging av nytilsette
    · Handsaming av personsensitive opplysningar, utvikling av Oppad (administrativt program), integrering med sikker sone på Acos (kommunalt sakshandsamarprogram)
    · Planlegge langsiktige rekrutteringstiltak
    · Innføring av Feide (felles elektroniks pålogging)
    · Samarbeid med høgskulane om etter-/og vidareutdanningstilbod for tilsette i barnehage og skule (nye kompetansekrav)

    Grunnskule/Opplæring:

    · Vidareutvikling av kvalitetssikringssystemet i tråd med endringa i lovverk og statlege standardar
    · Evaluere og revidere lokale læreplanar
    · Kompetanseheving i sentral fagområde (t.d.norsk, engelsk, matematikk og begynnaropplæring). Jfr. nye kompetansekrav
    · Sikre tilpassa/tilrettelagt opplæring for alle
    · Utvikling og innføring av elektronisk mappevurderingssystem
    · Implementering av lokal plan for tilpassa/tilrettelagt undervisning
    · Følgje opp vurderingsarbeidet - sikre god undervegsvurdering - fastsette kriterium for læringsutbytte i alle fag og nivå
    · Vidareutvikling av utdanningsval (samarbeid med vidaregåande skule og næringsliv)
    · Utvikle IKT som pedagogisk verkty til bruk i læringsarbeidet - Vidareutvikle Sophus portalen som læringsressurs/læringsportal - Utvide bruken av pedagogisk læringsplattform (classfronter), kommunikasjon mellom elev, lærar og heim - Få til tekniske løysingar som gjer at dei ulike dataprogram kan kommunisere med kvarandre (t.d. læringsplattform, sophusportalen m.m.)
    · Organisering av leksehjelp
    · Sette fokus på læringsutbytte til elevane

    Barnehage/SFO:

    · Revisjonen av kvalitetssikringssystemet for barnehagane/implementering av systemet - kvalitetsundersøking av barnehagane i kommunen (foreldre og tilsette) - organisering av tilbodet til dei minste - rutinar for opptak(hovudopptak og suppleringsopptak)
    · Sjå ny rammeplan i samanheng med nye læreplanar i grunnskulen - kvalitetssikre overføringsrutinane frå barnehage til skule - pedagogisk bruk av IKT - inkludere barnehagen som del av utdanningssystemet
    · Sikre full barnehagedekning - innkjøp av barnehagebuss, utarbeiding av fagleg innhald - utbygging av Olden barnehage
    · Arbeide med kvalitetssikring i skulefritidsordninga, fagleg innhald og organisering avleksehjelp

    PPT:

    · Utprøving av kartleggingsmateriell til bruk i barnehagane
    · Ha fokus på tidlege tiltak og førebyggjande arbeid
    · Utvikle relevant kartleggingsmateriell for minoritetsspråklege barn, unge og vaksne
    · Systemarbeid i høve å sikre tilpassa opplæring/tilrettelagt tilbod for alle i skule og barnehage
    · Vurdere alternative opplæringstilbod til elevar som ikkje finn seg til rette
    · Utvikle system for tettare fagleg samarbeid med eksterne kompetansemiljø (2. og 3. linetenesta)

    Kultur:

    · Digital søknad og rapportering av spelemidlar
    · Innføre ny administrativ programvare for kulturskulen
    · Utvikle tilbodet i kulturhuset og symjehallen/vurdere organiseringa og drifta
    · Skaffe ny drivarar til kafé Hjorten
    · Lokalhistorisk arbeid/arbeidet med bygdebok
    · Vidareutvikle ”kulturnatt i Nordfjord”
    · Engasjere ungdom/ungdommens kommunestyre i næringsutvikling (næringsfond for ungdom)

    HELSE OG SOSIAL

    Administrasjon:

    · Bistå planavdelinga med fullføring av bustadsosial handlingsplan
    · Vidareutvikle kompetanseplan for perioden 2009-2012 og lage system for årleg rullering
    · Skolere ytre driftseiningar i personaladministrative saker, budsjett og rekneskapsrutinar
    · Anbodsrunde på medikament til pleie- og omsorgstenestene
    · Anbodsrunde på forbruksmateriell til pleie- og omsorgstenestene, evt. som del av felles anbodsrunde for kommunale innkjøp

    Felles:

    · Ta i bruk system med ressursstyring / elektroniske timelister for variabel løn
    · Sikre system for samla oversikt, etablering , drift og oppfylging av ansvarsgrupper og arbeidet med individuell plan for alle med langvarige funksjonshemmingar og samansette bistandsbehov
    · Søkje tiltak med sikte på reduksjon av sjukefråværet og drive aktivt IA-arbeid med aktiv oppfylging av sjukmelde i samsvar med formkrav 
    · Avviksystemet vert teken aktivt i bruk i alle ledd av organisasjonen som viktig hjelpemiddel for å lære av feil og manglar
    · Nytte samarbeidsavtalene mellom Helse Førde og kommunen som eit aktivt verktøy for god samhandling

    Sosialtenesta ( i NAV):

    · Gjennomsnittleg lengde på ytingar i form av økonomisk sosialhjelp er maksimalt på 3 mnd
    · Søknader om økonomisk hjelp vert handsama innan 3 veker.
    · Den faglege standarden på sakshandsaming etter sosialtenestelova vert oppretthalden
    · Statlege måltal for personar med kvalifiseringsprogram vert innfridd og programma vert gjeve tenleg innhald
    · Gjeldsrådgjevingssaker vert prioritert ressurs-og kompetansemessig slik at saker ikkje hopar seg opp
    · Innsatsen i høve personar med rusrelaterte vanskar vert vidareutvikla og sett i system m.a. ved hjelp av prosjektstilling

    Barneverntenesta:

    · Systemet med kvalitetssikring av tenestene vert vidareutvikla og prosedyrane vert etterlevd i praksis
    · Barneverntenesta har tiltaksplan for alle barn med tiltak og bidrar til utforming av individuell plan for dei med langvarige og samansette behov
    · Barnevernet handterar sakene innafor fastsette tidsfristar
    · Miljøarbeid i heimen vert vidareutvikla som førebyggjande hjelpetiltak

    Helse:

    · Alle legeheimlar vert dekka opp med faste legar
    · Elektronisk samhandling mellom Helse Førde og fastlegane vert sett i funksjon
    · Tilsynslegefunksjonen ved institusjon vert styrka i omfang og innhald
    · Samhandling mellom legetenesta og andre kommunale tenester om felles brukarar vert vidareutvikla og sett i system
    · Smittevernplanen vert oppdatert
    · Det psykiske helsearbeidet blant barn og unge vert vidareutvikla i samsvar med ny rettleiar

    Pleie- og omsorg og rehabilitering:

    · Prosjektarbeidet for vidareutvikling av pleie-og omsorgstenestene vert fylgt opp med fullføring av planlagde aktivitetar og planarbeid i arbeidsgruppene
    · Nytt samordna system for tildeling av tenester og tiltak innafor pleie- og omsorg vert sett ut i livet. · Haldningsskapande arbeid blant tilsette i pleie- og omsorg vert sett på dagsorden for å sikre felles verdigrunnlag og forståing av rehabiliterande innsats i alle ledd
    . Lage system for å halde fokus på temaet som ein kontinuerleg prosess
    · Det vert utforma plan for struktur på det framtidige pleie-og omsorgstilbodet med dimensjonering av tilbodet i institusjon og omsorgsbustader og med fordeling av personalressursar
    · Tilsynslegane ved omsorgssentra tek i bruk fagsystemet Profil for journalføring
    · Elektronisk samhandling mellom fastlegane og pleie- og omsorg vert sett i funksjon (operasjonalisering av ElinK-prosjektet)
    · Multidose-systemet vert sett ut i livet
    · Det vert etablert gode rutinar og tryggleik rundt etterleving av dei nye tvangsreglane i helsepersonellova 
    · Minimum 10 % av liggedøgna i institusjon vert nytta til korttidsopphald eller avlasting
    · Målsettinga om 6 faste plassar for språkpraksis og / eller arbeidspraksis for flyktningar i introduksjonsprogrammet vert innfridd
  •  
    Sist endra 05.09.2009
    • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
    • Søk SkilleTegn
    • Tips ein venn SkilleTegn
    • Kontakt oss SkilleTegn
    • Legg til favoritter
    Stryn kommune
    Tonningsgata 4
    6783 Stryn
    Telefon
    : 57874700

    Org.nr.
    : 963 989 202
    Opningstid
    : Kl. 09.00 - 15.00
         
    Validator
    Levert av ACOS AS
    Login for redigering