a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Avgrensa passering på fv. 60 i Utvik - opp til 3,5 tonn

Omkøyring Utvik.jpg - Klikk for stort bilete

Ein privat vegstubb og ein kommunal veg gir avgrensa passasje forbi den øydelagde brua i Utvik. Vegen blir no opna for gjennomkøyring fire gongar i døgnet, med ledebil og manuell dirigering.

- Vi er glade for å kunne sleppe noko av trafikken gjennom i Utvik. Statens vegvesen, fylkeskommunen og Stryn kommune har jobba for å finne ei løysing for omkøyring, men vegen som fører forbi flaumstaden har avgrensa kapasitet. Skulle vi sleppe fram all trafikk, vil vi få kilometer lange køar. Så av omsyn til trafikkmengda, og det pågåande anleggsarbeidet for å reparere vegen permanent, opnar vi berre for lette køyretøy og til visse tider, seier avdelingdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

Fv. 60 i Utvik blir opna for lokal gjennomkøyring for bilar under 3,5 tonn i tidsromma:

 

07.00 – 08.00

12.00 – 13.00

16.00 – 17.00

19.00 – 20.00

 

Vegen vert opna første gong onsdag morgon kl. 07.00.

Både vegvesenet og fylkeskommunen gjer alt dei kan for å få reparert vegen permanent og få vanleg trafikkflyt gjennom Utvik.

-Vi har stor forståing for ulempene særleg næringslivet har som følgje av stenginga, og vi konsentrerer oss no om å få reparert og opna vegen så raskt som råd, seier fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal.

Den midlertidige vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor styrt trafikkavvikling og ledebil. Med trafikktal på rundt 2100 bilar i døgnet gjennom Utvik, er det ikkje forsvarleg å opne opp for alle. Omkøyringa er bratt og smal, og går rett forbi tunet til fleire bustader.

-Vi må også ta omsyn til anleggsarbeidet som pågår. Omkøyringsvegen blir nytta til massetransport i samband med permanent reparasjon av fv. 60. Så opning for gjennomkøyring fire gongar i døgnet er foreinleg med å halde fullt trøkk på gjenoppbygging av vegen og bruene, seier Finden.

Trafikantane vil bli møtt av trafikkdirigentar i god avstand på begge sider av Utvik, slik at bilar som ikkje kan køyre igjennom får snu. Omkøyringa blir også grundig skilta og varsla på vegvesen.no og gjennom trafikkmeldingar.

 

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Svenn Egil Finden
Avdelingsdirektør vegavdeling Sogn og Fjordane
Tlf. 951 48 614

 

Kontaktperson i Sogn og Fjordane fylkeskommune:

Dina Lefdal
Fylkesdirektør for samferdsle
Tlf. 957 00 813

 

Publisert av Unni Skåre. Sist endra 08.08.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering