a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Barnehageruta Stryn kommune

Barnehageruta blir fastsett av skule- og kulturutvalet, som er kommunen sitt styringsorgan i barnehagesaker. Det er vedteke at kommunale barnehagar skal ha til saman fem kurs- og planleggingsdagar kvart barnehageår. I tabellen under finn du dei tre felles kurs- og planleggingsdagane som gjeld for alle kommunale barnehagane i Stryn.

I tillegg til dei 3 fastlagde dagane kvart år som de ser av tabellen under, skal kvar barnehage lokalt fastsetje to planleggingsdagar etter drøfting i samarbeidsutvala. Foreldra skal orienterast i god tid om plassering av desse dagane.

Alle barnehagane er stengde 4 veker i juli.

Utanom planleggingsdagane, planlagt feriestenging og jule- og nyttårsaftan, har barnehagane ope alle vekedagar utanom laurdag og søndag. På onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagane kl 12.00. Barna skal ha fri på dei vedtekne planleggingsdagane.

Den private barnehagen har eiga barnehagerute.

 

Barnehageruta 2016/ 2017
 Dato  År  Kva skjer
 1. august  2016  Start barnehageåret 2016/ 2017
 10. og 11. okt.  2016  Kurs/ planleggingsdagar
 Tysdag 18. april  2017  Planleggingsdag
 Veke 27-30  2017  Alle barnehagane stengjer 4 veker
 i juli

Barnehageruta 2017/ 2018
 Dato  År  Kva skjer
 1. august  2017  Start barnehageåret 2017/ 2018
 9. og 10 okt.  2017  Kurs/ planleggingsdagar
 Veke 27-30  2018  Alle barnehagane stengjer 4 veker
 i juli

I tillegg til desse 2 fastlagde planleggingsdagane, skal avdelingsleiar for barnehage og einingane fastsette dato for ein tredje felles, kommunal planleggingsdag. I tillegg kan kvar barnehage lokalt fastsetje 2 planleggingsdagar etter drøfting i samarbeidsutvala.  Foreldra må orienterast i god tid om plassering av dei 3 siste planleggingsdagane.

 

Publisert av Unni Skåre. Sist endra 25.04.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering