a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Stryn Leirskule

Skulen har plass til omlag 50 elevar og er godkjent av Norsk Leirskoleforening. 
Stryn Leirskule held til i lokala til Nordfjord Fritidssenter, ca 20 km vest for Stryn sentrum. Leirskulen ligg i skogkanten opp mot snaufjellet 500 m o.h. og er tilpassa handikappa.

Stryn Leirskule.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 
Rundt skulen har vi varierte biotopar - myr, bekkar, vatn, barskog, edelauvskog, dyrka jord og snaufjell med støylar. Det er kort veg til fjorden. Ikkje så langt i frå finn vi Jostedalsbreen Nasjonalpark, med sine mange mektige brearmar. I denne naturkatedralen ligg det vel til rette for allsidige aktivitetar - til alle årstider!

Like ved skulen ligg Villmarksleiren, der elevane kan overnatte ute under open himmel,
i gapahuk eller i lavvo ei natt i løpet av leirskuleopphaldet. Staden vert også nytta som samlingsplass for aktivitetar både første og siste leirskuledagen.

Leirskulen sitt hovudmål er å gje elevane større innsikt i samspelet mellom natur og kultur. Vi tek utgangspunkt i dei lokale ressursane i nærmiljøet, og det er gjort eit større restaureringsarbeid gjennom mange år. Dette har lagt grunnlaget for eit kulturhistorisk læringsmiljø som ingen andre leirskular i landet kan tilby. I tillegg vert kvar dag krydra med spenningsaktivitetar. Det meste av aktivitetane er lokaliserte i gangavstand frå skulen, men vi tilbyr også ekskursjonar til andre lokalitetar.
Dei ulike gruppene (skulane) kan i samråd med oss, sjølve velje kva emne leirveka skal innehalde. Vi skreddarsyr det pedagogiske programmet slik at det passar ditt ønskje.

 

Stryn Leirskule, Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Leiing
Funksjon Namn Telefon
Leirskulelærar Øystein Hesjedal 905 06 157
Publisert av Unni Skåre. Sist endra 24.04.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering