Innbyggjarvarsling

Stryn kommune sender ut meldingar ved kriser/ akutte hendingar og ved planlagd driftsstans. 

Ved ei krise kan du forvente å finne informasjon på følgjande stader:

  • Kommunen si nettside og Facebook-side

  • Innbyggjarvarsling/ servicevarsling 

  • Aviser, radio og TV

Stryn kommune nyttar servicevarsling frå UMS. 
Servicevarsling nyttast til utsending av talemeldingar til fasttelefon og tekstmeldingar til mobiltelefon.


Det er viktig at oppføringa di er korrekt, sjekk kva nummer som er registrert på deg: servicevarsling.no
Har du beredskapsfunksjon på arbeidsplassen, bør du registrere mobilnummer både heime og på arbeid.

Siste nytt

  • 01.06.2018

    Det renn vatn overalt!

    Fv. 60 i Utvik blir opna for kontinuerleg kolonnekøyring for bilar inntil 15 meter. Det gjeld frå klokka 14.00 i dag...
  • 01.06.2018

    Mykje skadar på veg og bygg

    Til å begynne med kan skiltinga vere noko misvisande einskilde stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt...