Når det skjer ei hending som er så alvorleg at krisestaben i Stryn kommune vert kalla saman, vil det bli informert fortløpande om dei tiltaka som kriseleiinga set i verk.
Kommunen har gjennomført tiltak for å forebygge og effektivt kunne handsame hendingar og situasjonar som truar liv, helse, miljø og viktige samfunnsverdiar og som krev ekstraordinær innsats.
Det er oppretta tverrfaglege kriseteam som skal vere i beredskap og brukast ved alvorlege ulukker, kriser og katastrofer. Det er utarbeidd handlingsplaner for mange tenkte hendingar.
Stryn kommunestyre har valt beredsskapsråd som er kommunen sitt samarbeidsorgan i beredskapsspørsmål.
Beredskapsrådet er samansett slik:
Ordførar
Kommunedirektør
Kommunalsjef samfunnsutvikling
Kommunalsjef helse og sosial
Kommunalsjef oppvekst
Kommuneoverlege
Avdelingsleiar service, kommunikasjon og IKT
Brannsjef
HR-sjef
Representant frå NAV
Avdelingsleiar berekraft og næring
Leiar av kommunen sitt psykososiale kriseteam
Politi
Mattilsynet
Forsvaret (HV)
Ein felles representant frå Røde Kors-laga i kommunen
Representantar for selskap for passasjer- og godstransport
Lokalt energiselskap