Det psykososiale kriseteamet i Stryn er ein ressurs som på kort varsel kan gje krisehjelp til einskildpersonar eller grupper av personar i ein krisesituasjon.
Det psykososiale kriseteamet er kontaktledd frå ei krise oppstår til det etablerte behandlings- og omsorgsapparatet i kommunen kan ta over og følgje opp på ein trygg måte.
Organisering av psykososialt kriseteam:
- 2 faste medlemmar frå avd psykisk helse og rus (leiar)
- 1 fast medlem og 1 vara frå helsestasjonen
- 1 fast medlem og 1 vara frå PPT
- 1 fast medlem og 1 vara frå sosiale tenester i NAV
- 1 fast medlem og 1 vara frå skule
- 1 fast medlem og 1 vara frå pleie og omsorgstenester
- 1 frå Politiet
- 1 prest