a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Borgarleg vigsel Stryn kommune

krans.jpg - Klikk for stort bilete

Vil de gifte dykk borgarleg i Stryn?

Frå 1. januar 2018 er vigselsmynda overført frå tingretten til kommunane. Stryn kommune vil foreta vigslene i Tingsalen, Stryn kulturhus, Tinggata 18.

Tingsalen.jpg - Klikk for stort bilete

Før de gifter dykk

Før de kan gifte dykk må de fylle ut  egenerklæring, forlovererklæring og attest 
Send skjema til folkeregisteret ved ditt lokale skattekontor.

Skatteetaten sjekkar då om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Skatteetaten skriv så ut ei prøvingsattest som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Denne attesten er gyldig i 4 månader frå utferding. Original attest må leverast eller sendast til Stryn kommune seinast 3 dagar før vielsen.

Du kan sende attesten til, eller levere den hos
Stryn kommune, Servicekontoret,
Tonningsgata 4, 6783 Stryn.  

Stad og tidspunkt for vigsel

Seremonidag er fredagar mellom 12.00 og 15.00 i Tingsalen, Stryn kulturhus.
Stryn kommune er fleksible på dagar, tidspunkt og stad for vigslar.

For å avtale tidspunkt for vigsel, ta kontakt på:
E-post: postmottak@stryn.kommune.no
eller ring 57 87 47 00.

Pris

Det er gratis for alle å gifte seg innanfor ordinær opningstid og fastsett seremonistad.

Retningslinjer for vigsel i Stryn kommune (PDF, 485 kB)

 

Spørsmål

Har du spørsmål om sjølve vigselen, ta kontakt på epost: postmottak@stryn.kommune.no 
eller telefon: 57 87 47 00.

Har du spørsmål om dokumentasjon eller regelverk, ta kontakt med Skatteetaten

Publisert av Unni Skåre. Sist endra 02.01.2018
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering