a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Den musikalske komedien «Evig ung» i Stryn kulturhus

I 2017 er det 40 år sidan eventyret Sogn og Fjordane Teater starta. Dette skal feirast, og jubileumsframsyninga vert den musikalske komedien «Evig ung». Vi skal spele i Stryn Kulturhus tirsdag 28. februar 

logo.png - Klikk for stort bilete

I teaterframsyninga "Evig Ung" flyttar vi fram til ei tid der Sogn og Fjordane Teater no fungerer som ein gamleheim for tidlegare skodespelarar. Dei avdanka skodespelarane har resignert mot overformynderi og nedlatande aktiviseringstiltak - heilt til pleiarane snur ryggen til. For under den trøytte overflata murrar ekkoet frå ei tid då dei var radikale og opprørske. Og når pleiarane ikkje ser og ikkje høyrer, vert dei indre rebellane vekte til live att. Det bryt ut song, latter og dans, og dei presterer som dei gjorde på scena for 40 år sidan. Det er framleis mykje saft og kraft i desse kroppane, og dei er slett ikkje så resignerte som det kan sjå ut som. Når ingen ser dei, minnest dei karrierane sine og tida på Sogn og Fjordane Teater gjennom song og musikk. Ved pianoet på scena finn vi pianist Harald Dahlstrøm, som akkompagnerer skodespelarane i kjende pop- og rockelåtar frå dei siste 50 åra. Songane vi kjenner så godt er blant anna «You can leave your hat on»,  «I love rock and roll», «Stayin alive» og «I got you babe». Lokale folkekjære songar finn også sin plass i denne framsyninga.

Då Erik Gedeons komedie, "Evig Ung" blei laga første gong, klarte eit økonomisk pressa teater i Sverige å fylle seta og begeistre publikum med sin vitale sjarmoffensiv. Blant fleire legendariske hits peikar " I will survive" seg kanskje sterkast ut som betegnande for livsviljen som står så sentralt i dette stoffet. I latteren, varmen og gjenkjenninga som denne framsyninga byr på, ligg det ei påminning om at vi aldri må resignere og slutte med å uttrykke oss, og at i pressa tider står vi best saman.

Sidan den gongen har fleire versjonar møtt sitt publikum rundt om i verda. Sogn og Fjordane Teater sin "Evig Ung" er nettopp Sogn og Fjordane Teater sin. Den er ein hyllest til tidlegare framsyningar, eit høve til å dyrke felles minne og nynne med på ein song. Mellom latter, singalong  og musikalske perler ligg også eit varsku om at vi må hugse å verne om desse stundene. Hugse å sjå framover også når vi minnast, så vi kan trygge rammene for å dele opplevingar, kunst og kultur med kvarandre, også i framtida.

 

MEDVERKANDE: Claus Sellevoll | Elisabeth Moberg | Harald Dahlstrøm | Idun Losnegård | Oda Alisøy | Sigurd Sele | Stig-Werner Moe

 

Prisar:

Honnør 280,- pr bill.

Vaksne 350,-

Grupper over 5 stk: 280,-

Teaterlauget 280,-

 

For billettar:

https://pay.ebillett.no/velg_antall.php?p_id=241&arrnr=2200&kanal=fw

 

 

Publisert av Kari-Ann Kaspersen. Sist endra 26.01.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering