a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Detaljregulering Nordsida kyrkjegard - utviding

Kommunevåpen (lite) - Klikk for stort bilete Kunngjering om eigengodkjenning. 

I medhald av §12-12 i plan- og bygningslova av 2008, har Stryn kommunestyre i møte den 20.06.2017, sak KS-055/17, godkjent ovanfornemnde detaljregulering med føresegner.

Reguleringsplanen med føresegner kan ein sjå ved å gå inn på lenkja nedanfor.  Ein kjem inn på Stryn kommune sitt planregister, søk på 2016003 for å få opp planen.

Ein kan også få sjå planen ved å ta kontakt med servicekontoret til Stryn kommune.

Kommunestyret sitt vedtak om eigengodkjenning kan påklagast til fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse i saka.  Eventuell klage bør grunngjevast, og må sendast Stryn kommune innan 3 veker frå denne kunngjeringa.  Det må opplysast kva tilknyting klagaren har til det området klaga gjeld.

Når det gjeld verknaden av stadfesta reguleringsplan, blir det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova.  Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innanfor planområdet.  Krav om erstatning etter § 15-3 nr. 1 i plan- og bygningslova, må vere sett fram seinast tre - 3 - år etter denne kunngjeringa, eller 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Krav om innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova, må vere sett fram seinast tre - 3 - år etter denne kunngjeringa, eller 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna.  Krav om innløysing og erstatning skal rettast til kommunen.


 

Publisert av Margunn Teige Sunde. Sist endra 03.07.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering