a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Detaljregulering Vetlevika næringsområde

Kommunevåpen (lite) - Klikk for stort bilete Kunngjering om eigengodkjenning. 

I medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova av 2008, har Stryn kommunestyre i møte 28.03.17, sak KS-027/17 godkjent detaljregulering for Vetlevika næringsområde med føresegner.

Reguleringsplanen med føresegner kan ein sjå ved å gå inn på lenkja nedanfor.  Søk på nr. 2016002 i planregisteret til kommunen.
Ein kan og få sjå planen ved å ta kontakt med servicekontoret til Stryn kommune.

Kommunestyret sitt vedtak om eigengodkjenning kan påklagast til fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse i saka.  Eventuell klage bør grunngjevast, og må sendast Stryn kommune innan 3 veker frå denne kunngjeringa.  Det må opplysast kva tilknyting klagaren har til det området klaga gjeld.

Når det gjeld verknaden av stadfesta reguleringsplan, blir det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova.  Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innanfor planområdet.  Krav om erstatning etter § 15-3 nr. 1 i plan- og bygningslova, må vere sett fram seinast tre-3-år etter denne kunngjeringa, eller 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Krav om innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova, må vere sett fram seinast tre-3-år etter denne kunngjeringa, eller 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna.  Krav om innløysing og erstatning skal rettast til kommunen.
 

Publisert av Margunn Teige Sunde. Sist endra 18.04.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering