a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Eigedomskatt - eigedomen din skal synfarast

Kommunevåpen (lite) - Klikk for stort bilete

Stryn kommune har i kommunestyresak 065/16 vedteke at alle eigedomane i kommunen skal takserast på nytt i 2017, etter førre allmenne takseringa som vart gjennomført i 2008. Dei nye takstane tek til å gjelde frå og med skatteåret 2018.Vil du vere til stade når det skal vere synfaring på eigekommen din i samband med omtaksering ?
Då er er fristen for å melde frå at ein vil vere med:  21.april 2017.  Synfaring
 

 Eigedomsskatt, eigedomen din skal synfarast.

I hovudsak vil synfaringa verte utført frå no og til slutten av august. Synfararane vil gå med gul vest og ha identifikasjonskort frå kommunen.


Som regel vil dette vere ei utvendig synfaring. Forhold på eller rundt eigedomar som kan verke inn på verdien, blir vurdert. Vi er ikkje avhengig av at du er med under synfaringa.

Om du ønskjer å gje oss opplysningar eller innspel i samband med synfaringa, kan

du gjere dette på to måtar:

1. Opplysningar i forkant av synfaring

Om det er konkrete forhold du ønskjer skal bli vurdert i samband med synfaringa, kan du gje oss beskjed om dette. Denne informasjonen blir då ein del av grunnlaget for verdifastsetjinga.

2. Delta på synfaringa

Om du ønskjer å vere med på synfaringa, må du gje oss beskjed om dette – gjerne pr e-post. Husk å gje opp telefonnummer som vi kan treffe deg på dagtid. Du vil då bli kontakta for å avtale nærare tidspunkt.

Frist for tilbakemelding vedkomande synfaring: 21. april 2017

Kontaktinformasjon:

Telefon: 57 87 47 00

Epost: eskatt@stryn.kommune.no

Post: Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn

 Merk konvolutten med: Eigedomstaksering.


Du treng ikkje vere med når eigedomen din skal synfarast. Om du av ulike grunnar ønskjer å vere tilstade under synfaringa eller kome med innspel til synfaringa, må du gje oss melding om dette. Bruk gjerne epost. Husk å gje opp telefonnummer der vi kan nå deg på dagtid for å avtale tidspunkt for synfaring.

Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 18.04.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering