a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Eigedomsskatt

Eigedomsskatt 3 hus - Klikk for stort bilete

Eigedomsskatt er ein viktig måte for kommunane til å skaffe pengar til dei mange tenestene som innbyggjarane får. Dette er den einaste skatten som uavkorta går til kommunane, og som kommunane sjølv har full styring med.

 

Det er kommunestyret i kommunen som bestemmer om det skal vare eigedomsskatt i kommunen. I Norge har det vore kravd inn slik skatt i over 100 år.
 
Stryn kommune har i dag eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen. Kommunestyret vedtok 22. september 2016 i sak KS-065/16 at det skal gjerast ei omtaksering av alle eigedomane i kommunen i 2017. Dei nye takstane skal gjelde frå og med skatteåret 2018. Dette er første gang eigedomane i kommunen vert taksert på nytt, etter at det vart innført eigedomsskatt i heile kommunen frå 2008.

Det er eigedomen sin estimerte salsverdi som er grunnlag for utrekning av taksten. Det vert teke utgangspunkt i objektverdien på eigedomen pr. 01.01.2018.

Taksten byggjer både på faktaopplysningar og på skjønnsmessige vurderingar. Fakta om adresse og størrelsen på hus og tomt vert henta frå offentlege register.
 
Generelle forhold om eigedomsverdiar spelar inn når det gjeld dei skjønnsmessige vurderingane. Det gjer også spesielle forhold ved eigedomen. For at skjønnet skal bli bra, blir derfor kvar eigedom besøkt og vurdert.

 

Synfaringa vil i all hovudsak bli gjort frå slutten av april til slutten av august 2017. Alle eigedomane i kommunen som ikkje er friteke frå eigedomsskatt, vil bli synfart. I starten av april vert det sendt ut informasjon om synfaringa til alle innbyggjarar i Stryn kommune. Same informasjon vert også sendt til deg som står registrert som eigar av eigedom og er registrert med bustadadresse utafor Stryn kommune. Om det er fleire eigarar av ein eigedom, sender vi til den som står først registrert i grunnboka.

Takst og utrekna eigedomsskatt vert lagt ut til offentleg ettersyn i februar/mars 2018. Eigarar vil då få tilsendt informasjon om taksten, matrikkeldata på sin eigedom og eigedomsskatten som skal betalast. Samstundes vil ein få ei orientering om rett til å klage på takstgrunnlaget.

Publisert av Karen Stølen. Sist endra 06.04.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering