a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Er du klar til å ta i mot digitale brev?

Stryn kommune sender no brev til den digitale postkassa di.
Er du klar til å ta i mot? Du kan velje mellom to postkasser - Digipost eller e-Boks. - Klikk for stort bilete Du kan velje mellom to postkasser - Digipost eller e-Boks.

Slik skaffar du deg digital postkasse:

Avgjer om du vil ha Digipost eller e-Boks. Du kan enkelt velje på www.norge.no

Finn fram den elektroniske id-en din, du må identifisere deg før du kan velje digital postkasse.

Når du har oppretta ei postkasse hos Digipost (frå Posten) eller e-Boks (frå Nets/ PostNor) hamnar den digitale postkasseadressa di automatisk i eit nasjonalt kontaktregister. Du får ein SMS som stadfestar valet ditt, og er klar til å ta imot digital post frå Stryn kommune.

I Stryn kommune arbeider vi aktivt med å digitalisere tenestene våre for å gi betre service til deg som bur og driv næring i kommunen. Målet er at digital post skal erstatte dei fysiske breva i postkassa di.

Digitalisering handlar om å bruke teknologi til å fornye, forenkle og forbetre. For Stryn kommune handlar det om betre økonomi og effektivitet, slik at vi kan fordele ressursane betre.

 

Publisert av Unni Skåre. Sist endra 10.11.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering