a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Høyring - forskrift

Kommunevåpen (lite) - Klikk for stort bilete

Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester – kriterier og ventelister».

Den 13. juni 2016 vedtok Stortinget lovendringar i Pasient- og brukerrettighetslova og Helse- og omsorgstenestelova vedrørande «Rett til opphold i sykehjem eller tilsvarende bolig særskilt tilrettelagt for heldøgns tjenester – kriterier og ventelister».

Bakgrunn for lovendringane er å tydeleggjere retten til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. Retten er presisert i Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 e første ledd. Kommunen si plikt til å tilby slike tenester er presisert i Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 a første ledd.  

Kommunen pliktar også å utarbeide kriterier for brukarar som vil vere best tent med langtidsopphald, men der kommunen vurderer at vedkomande med forsvarlege tenester kan bu heime i påvente av langtidsopphald, jfr. Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 a fjerde ledd. 

I flg. Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 a andre ledd pliktar den enkelte kommune å utarbeide ei kommunal forskrift med kriterier for langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagt for heildøgns tenester. Forskrifta skal omfatte pasientar og brukarar som vil vere best tent med langtidsopphald, men der kommunen vurderer at vedkomande med forsvarlege tenester frå kommunen kan bu heime i påvente av langtidsopphald.

Ved fastsetjing av forskrift må denne ut på høyring før vedtak, jfr. Forvaltningslova kap. VII. Den kommunale forskrifta må tre i kraft seinast 1. juli 2017.

Nasjonale kriteriar for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester vil først iverksetjast på eit seinare tidspunkt.

Forskrifta er lagt ut til høyring i kommunen med frist for tilbakemelding 31.03.17.

Tilbakemeldingar sendast til: postmottak@stryn.kommune.no eller pr. post til: Stryn kommune, helse- og sosialetaten, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn.

Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester (PDF, 392 kB)

 

Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 16.03.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering