Catskiing på Tystigen i Stryn kommune, høyring om forskriftsframlegg

Stryn kommune er ein av 6 kommunar som vart med i ei forsøksordninga med catskiing som vart opna for i 2017. Stryn kommune skal gjennomføre forsøket i Stryn Sommerski sitt alpinområde på Tystigen fram til 2024.

Kommunen har fått forskriftsmynde til å etablere kommunale løyper for catskiing. Løypene skal vere trasear for persontransport med tyngre trakkemaskiner på vinterføre, som utgangspunkt for alpin skikøyring. 

Heimelsgrunnlaget for prøveordninga med catskiing ligg i motorferdsellova sine paragrafar §4a, tredje ledd og forskrift om bruk av motorkjøretøy i utmark, §4b. Det er kommunestyret som har mynde til å fastsetje beltebilløyper for catskiing.

Formannskapet- 005/19, har i møte 09.01.2019 fatta følgjande vedtak:

Stryn kommune gjer framlegg om forskriftstekst og tilhøyrande kart over løypetrasear for catskiing på Tystigbreen.  Framlegget er lagt ut til offentleg ettersyn i tida 09.01.-15.02.19 på Servicekontoret til Stryn kommune, Tonningsgata 4.

 

Merknader sendast skriftleg til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn

eller på e-post: postmottak@stryn.kommune.no innan 15.02.19.

 


Lovgrunnlag, reglar, føresegner, plandokument:

  • Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (Lov-1977-06-10-82). Spesielt §4a, tredje ledd.

  • Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagtte vassdrag (For-1988-05-15-356). Spesielt §4b.