Detaljregulering Hydla 4 - framlegg til offentleg ettersyn

Planområdet Hydla 4 ligg i området vest for lysløypa frå Stryn vinterski, sør og aust for Hydla klatrepark og dei eksisterande fritidsbustadfelta for Hydla 1, 2 og 3. Planområdet har ein arealstorleik på ca 161 daa. Det er planlagt 62 fritidsbustader innanfor planframlegget. Føremålet fritidsbustader dekkjer ca 86 daa av planområdet sitt areal. 

Administrativt vedtak for sektorutval for tekniske saker/formannskap 18.06.21. dok.nr: 20/1638-20.

Planområdet er lokalisert sør for Hydla, vest for lysløypa frå Stryn Vinterski. Planframlegget viser 62 fritidsbustadtomter. Privat planarbeid.

I samsvar med pbl § 12-11 blir framlegget lagt ut til offentleg ettersyn i tida 29.06.21 – 07.09.21 på servicekontoret til Stryn kommune, Tonningsgata 4. 

Planframlegget finn du her søk på 2021002.

Send skriftleg merknad til Stryn kommune v/formannskapet, Tonningsgata 4, 6783 Stryn,
eller postmottak@stryn.kommune.no innan 7. september 2021.