Detaljregulering Loen Vest - Solvik melding om offentleg ettersyn

Trafikktala for Loen Skylift er positive, og det er behov m.a. for auka parkeringskapasitet ved anlegget. I same plan er det aktuelt å inkludere gang/sykkelveg langs fv. 60 til Solvik. Planområdet er lokalisert frå planlagt kryss mot Leitekvia/ Rake/Oppheim og langs nordsida av fv 60 til Gjølmunna.

I samsvar med plan- og bygningslova 2008 § 12-11 blir framlegget lagt ut til offentleg ettersyn i tida 30.04.19-17.06.19 på Servicekontoret til Stryn kommune, Tonningsgata 4 og hos Joker Loen.

Du finn planframlegget her i planregisteret søk på nr 2018001.

Send skriftleg merknad til Stryn kommune v/sektorutval for tekniske saker, Tonningsgata 4, 6783 Stryn
eller postmottak@stryn.kommune.no innan 17.06.19

Sektorutval for tekniske saker, 23.04.19, sak 033/19.