Detaljregulering masseuttak Brynestad - kunngjering om eigengodkjenning

 

I medhald av §12-12 i plan- og bygningslova (pbl) av 2008, har Stryn kommunestyre i møte den 15.06.20, sak 080/20, godkjent ovanfornemnde reguleringsplan.

Plandokument: stryn.kommune.no , søk og finn planregister, søk på planid-nummer: 2011015

Eller ta kontakt med servicekontoret til Stryn kommune.

Kommunestyret sitt vedtak om eigengodkjenning kan påklagast til fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse i saka. Eventuell klage bør grunngjevast, og må sendast Stryn kommune innan 3 veker frå denne kunngjeringa. Det må opplysast kva tilknyting klagaren har til det området klaga gjeld.

Når det gjeld verknaden av stadfesta reguleringsplan, blir det vist til pbl § 12-4. Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innanfor planområdet. Krav om erstatning etter pbl § 15-3 nr. 1 og krav om innløysing etter pbl § 15-2, må vere sett fram seinast tre- 3 - år etter denne kunngjeringa, eller 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Krav om innløysing og erstatning skal rettast til kommunen.