Detaljregulering Tindegrenda Stryn - melding om offentleg ettersyn

Planframlegg for Tindegrenda inneheld 113 fritidsbustadtomter og skal no leggast ut til offentleg ettersyn i tida 22.12.2020 – 12.02.2021. Plankonsulent for planarbeidet er Areal + AS frå Lillehammer, på vegne av Tinde Utvikling AS, Ringebu, som har inngått avtale med grunneigar av planområdet.

Administrativt vedtak for sektorutval for tekniske saker, 14.12.20. dok.nr: 18/1601-36 .

Planområdet er lokalisert nord for Hydla, vest for Vikaelva og Bøanedsetra hyttegrend. Planframlegget viser 113 fritidsbustadtomter.

I samsvar med pbl § 12-11 blir framlegget lagt ut til offentleg ettersyn i tida 22.12.2020 – 12.02.2021 på servicekontoret til Stryn kommune, Tonningsgata 4.

Planframlegg sjå planregister søk på nr 2019001.

Send skriftleg merknad til Stryn kommune v/sektorutval for tekniske saker,
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
eller postmottak@stryn.kommune.no innan 12.02.2021.