E39 Byrkjelo – Grodås i Stryn, Gloppen og Hornindal kommunar

Kommunedelplan for E39 Byrkjelo-Grodås ligg no ute på høyring, og i samband med utlegginga blir det informasjonsmøter. Folk som ønskjer å snakke med planleggjarane utanom sjølve møta, kan få tid til samtale under kontordagane som skjer i forkant av møta. Frist for å sende inn merknad er 21. januar 2019.

Statens vegvesen legg, i samarbeid med kommunane Stryn, Gloppen og Hornindal eit forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Byrkjelo – Grodås ut til offentleg ettersyn i perioden 21. november 2018 til 21. januar 2019.

Her er oversikt over tid og stad for møta:

Grodås, onsdag 21. november
Kl. 12–15 Kontordag, kommunehuset Smia
Kl. 18–20 Informasjonsmøte på Grodås, Honndalshallen

Byrkjelo, torsdag 22. november
Kl. 12–15 Kontordag, Ungdomshuset Breidarheim
Kl. 18–20 Informasjonsmøte, Ungdomshuset Breidarheim

Stryn, torsdag 29. november
Kl. 12–15 Kontordag, Stryn kulturhus
Kl. 18–20 Informasjonsmøte, Stryn kulturhus

 

Plandokumenta ligg også på prosjektsida www.vegvesen.no i høyringsperioden.


Kontaktperson i Stryn:

Stryn kommune Geirmund Dvergsdal 57 87 47 14/ 971 97 092
geirmund.dvergsdal@stryn.kommune.no

 

Vi ber om merknader innan 21. januar 2019.
 

Send merknadane skriftleg på e-post firmapost-vest@vegvesen.no
eller i posten til Statens vegvesen Region vest, pb 43, 6861 Leikanger. 
Merk e-post og/eller brev med E39 Byrkjelo – Grodås.


Ta gjerne kontakt

Dersom du har spørsmål om planarbeidet, kan du også kontakte Ellen Njøs Slinde på telefon
57 65 57 95 eller e-post ellen.slinde@vegvesen.no
 

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova §§ 4-2 og 11-14. Planen
blir utarbeidd etter § 3-7.