Godtgjerdsle til folkevalde - vedtak om forskrift

Etter reglane i kommunelova §8-3 skal kommunestyret gjere vedtak om forskrift for dekking av utgifter og økonomiske tap.

Kommunestyret handsama sak om godtgjersle til folkevalde den 22. oktober 2020.

Forskrift om godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til folkevalde i Stryn kommune (PDF, 705 kB)

Valnemnda fekk dette oppdraget frå kommunestyret (KS114/20)
Legge fram forslag til ny stillingsprosent for varaordførar.

Valnemnda si tilråding: VN 32/20 Varaordføraren si godtgjersle vert sett til 20% av ordføraren si årlege godtgjersle. Godtgjersla dekker alle gjeremål som fell på varaordførarvervet.

Valnemda har også fått i oppdrag å kontrollere at reglement og godtgjersle er i bra samsvar med samanlignbare kommunar kring oss. Dette punktet har ikkje Valnemnda handsama enno.

 

Fram til kommunestyret gjer endeleg vedtak er det mogleg å kome med innspel til forskrifta. Innspel som gjeld forslag til justering av satsar vert teke inn i Valnemda si handsaming.

Send innspel til Postmottak@stryn.kommune.no

Frist: 18. november 2020