Kommunal planstrategi 2020-2024 – Kunngjering

I medhald av plan- og bygningslova § 10-1 blir framlegg til vedtak av kommunal planstrategi for Stryn kommune 2020-2024 kunngjort fram til møte i kommunestyret 24. september 2020.

Føremålet med planstrategien er å få ei samla oversikt og prioritering av kommunen sitt planbehov i kommunestyreperioden, basert på dei utfordringane kommunen står overfor.

Planstrategien og saksutgreiinga i samband med kunngjeringa er å finne i lenkjene under. Dokumenta er også lagt ut i papir på servicekontoret på kommunesenteret og ved Stryn bibliotek.