Kommunedelplan for Oppstryn – Offentleg ettersyn

Kommunedelplanen for Oppstryn er lagt ut til offentleg ettersyn i tida 19. mars til 10. mai.

Formannskapet har i møte den 20.02.19, sak FO-031/19, gjort vedtak om offentleg ettersyn av kommunedelplan for Oppstryn. Dette i medhald av plan- og bygningslova § 11-14.

Planavgrensinga er frå Mindresunde i vest og til fylkesgrensa mot Oppland i aust, Øvre-Flosetra i nord og Erdalssetra i sør. Kommunedelplanen skal liggje ute i tida 19.03.19 – 10.05.19.

Aktuelle saksdokument finn du i lenkjene under. Planframlegget er i tillegg lagt ut i papir på kommunesenteret og på lokalbutikken Buda.

Plankartet ligg og på kommunen si kartløysing. Kommunedelplanen for Oppstryn kjem fram ved å zoome inn på Oppstryn, klikke på kartlag og hake av for plankart og kommuneplan forslag. For at det skal vere litt meir oversiktleg kan ein ta av reguleringsplanar og eigedom. Plandokument finn du ved å klikke inne på plankartet, velje Kommuneplan forslag, Kommuneplan og trykke på Se plandetaljer i Webplan.

Merknadar til planframlegget kan sendast til postmottak@stryn.kommune.no
eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 STRYN innan 10. mai 2019.

 

Saksutgreiing (PDF, 655 kB)

Planomtale med føresegn (PDF, 2 MB)

Konsekvensutgreiing med Risiko- og sårbarheitsanalyse (PDF, 2 MB)

Plankart utan faresone skred og flaum (PDF, 13 MB)

Plankart med faresone skred og flaum (PDF, 13 MB)

Kartutsnitt Fosnes utan faresone skred og flaum (PDF, 2 MB)

Kartutsnitt Hjelle utan faresone skred og flaum (PDF, 2 MB)

Teiknforklaring (PDF, 43 kB)