Kommunedelplan for Vikane

Stryn kommune har vedteke oppstart av kommunedelplan for Vikane og høyring av planprogrammet. Frist for innspel til planprogrammet er 20. desember. Frist for innspel til planen er 1. mars.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 og § 11-13 har Formannskapet i møte den 09.10.19, FO-141/19, vedteke oppstart av kommunedelplan for Vikane og høyring av planprogrammet.

Planprogrammet er lagt ut til gjennomsyn på kommunesenteret, ved Stryn bibliotek og ved matbutikkane i Innvik og i Utvik, i tida 29.10.19 - 20.12.19. Her står det kva føremål planarbeidet har, planavgrensing, skildring av planprosessen m. m. Planprogrammet (PDF, 1002 kB) finn du her.

Det var eit informasjonsmøte om planen på Heimlund i Innvik tysdag den 26. november kl. 19:00.

Eventuelle innspel til planarbeidet eller til planprogrammet kan sendast til postmottak@stryn.kommune.no eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 STRYN.

Dette skjemaet kan nyttast til å gje innspel til planprogrammet og/eller til sjølve planen:
Innspel til kommunedelplan for Vikane (PDF, 200 kB)


Frist for innspel til planprogrammet er sett til 20. desember

Frist for innspel til planen er sett til 1. mars


Saksutgreiing (PDF, 402 kB)

Planavgrensing Vikane (PDF, 867 kB)