Kommunedelplan med tiltaksprogram

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv – Offentleg ettersyn – Tiltaksprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021-2024. Her er oversikt over prioriterte og uprioriterte ordinære idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftslivsanlegg.

I medhald av plan- og bygningslova §11-14 har skule- og kulturutvalet i møte 04.06.20, gjort vedtak om offentleg ettersyn. Kommunedelplan og tiltaksprogram ligg ute i tida 08.06.20-10.08.20.

Frivillige lag og organisasjonar, skular, folkehelsekoordinator, idrettsrådet og private har fått høve til å kome med innspela sine i dette programmet. Tiltaksprogrammet kan bli endra etter at høyringsfristen er ute.

Kommunedelplan med tiltaksprogram ligg på kommunesenteret og Stryn bibliotek.

Kommundelplan for kultur og idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021 - Framlegg av tiltaksprogram til offentleg ettersyn (PDF, 265 kB)

Kommunedelplan for idrett fysisk aktivitet og friluftsliv (PDF, 3 MB)

Tiltaksprogram anlegg 2021-2024 (PDF, 152 kB)

Merknader skal sendast til postmottak@stryn.kommune.no
eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.

Frist for innspel/ merknad: 10. august 2020.