Melding om offentleg ettersyn - detaljregulering for Øvre Hogane

I medhald av plan- og bygningslova §12-10, har Formannskapet i Stryn kommune i møte 23.11.23, sak FO-105/23, gjort vedtak om å legge forslag til detaljregulering for Øvre Hogane ut til offentleg ettersyn.

Planfremjar er Nordplan AS, og tiltakshavar er eigarar av gbnr 59/1, 59/6 og 60/2 representert ved HaBøe AS. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustadar med tilhøyrande infrastruktur. Planområdet er lokalisert i Stryn, øvst i Hogane.

Aktuelle plandokument er tilgjengelege i planregisteret, søk på PlanID 2022003 .

Planforslaget vert lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. 

Eventuelle merknadar skal sendast skriftleg til
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn
eller til postmottak@stryn.kommune.no innan 16.01.24.