Minsteareal for jakt på hjort i Stryn kommune

Stryn kommune foreslår at minstearealet for hjortejakt i Stryn kommune går frå 500 dekar til 300 dekar. Forslaget ligg til uttale på Servicekontoret, Stryn kommune, med uttalefrist 1. desember 2018.

Situasjonen i dag er slik at fleire bestandsplanområde ikkje lenger kan tildelast store nok fellingskvoter, med dagens minsteareal som er 500 dekar. Sjølv ved å nytte fråviksreglane i hjorteviltforskrifta maksimalt - på inntil 50% fråvik frå minstearealet – vert kvotane for små. Det er difor nødvendig å endre minstearealet i kommunen.

Les meir om saka her: Framlegg til endring av minsteareal for jakt på hjort i Stryn kommune (PDF, 311 kB)

 

Merknader skal sendast til postmottak@stryn.kommune.no eller til

Stryn kommune
Tonningsgata 4
 6783 Stryn.

Du kan også levere merknader til Servicekontoret Stryn kommune, Tonningsgata 4.

 

Her er forslaget til vedtak i Formannskapet 10.10.2018 som ligg ute til høyring:

FO- 140/18  

Stryn kommune gjer vedtak om å sende på høyring framlegg til endringsforskrift om minsteareal for
hjortejakt med slik ordlyd:


«§1. Minstearealet for hjortejakt, som skal ligge til grunn for godkjenning av bestandsplanområde
og for tildeling av fellingskvote i Stryn kommune er på 300 dekar.


§2. Denne forskrifta tek til å gjelde frå ………. . 2018.»