Oppstart av reguleringsendring innanfor gjeldande plan for fv. 60 Ugla – Skarstein, utviding av naustområde N3 og N4

Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Stryn kommune lage detaljreguleringsplan for to naustområde langs fv. 60 Ugla - Skarstein. Det er to naustområde som skal utvidast frå gjeldande reguleringsplan, naustområde N3 og N4.

Det er to separate planområde. Dokumenta ligg på planregisteret, søk på planid 2020002 for planområdet N3 og 2020003 for planområdet N4.

Målet med planen er å regulere naustområda til å stemme overeins med dagens situasjon.
Vi ber om synspunkt og innspel innan 25. juni 2020.
Send det skriftleg til post@vlfk.no eller til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen.
Ved spørsmål, ta kontakt med Ingrid Lekve på tlf. 900 80 674 eller e-post: ingrid.lekve@vlfk.no .