Stryn kommune har motteke søknad om reguleringsendring for delar av reguleringsplan for Dybevoll hyttefelt – planID 2007008.
Endringa omfattar gbnr. 52/56 og 52/66 i nordaust av planområdet. Det vert søkt om parallell (felles) handsaming av planendring og byggesaka, jf. Plan- og bygningslova § 12-15.
Innspel/merknadar vil såleis gjelde begge sakene.
Bakgrunn for endringane i plan
Føremålet med reguleringsendringa er å slå saman to tomter som i gjeldande plan er regulert til fritidbustader til éi tomt, der restareal vert foreslått regulert til grønstruktur. I tillegg vert det foreslått opna for garasje under terreng.
Det er gjennomført skredfarevurdering, då delar av planområdet ligg i aktsemdsområde for skred. Denne konkluderer med at delar av planområdet ikkje tilfredsstiller sikkerheitsklasse S2. Det er gjennomført forenkla ROS-analyse i samband med endringa.
Gjeldande plan
Gjeldande plandokument for reguleringsplan for Dybevoll finn du i vårt planregister i webplan.
Søknad om løyve til fritidsbustad og garasje
Det vert søkt om oppføring av èin fritidsbustad med tilhøyrande garasje, der garasje skal etablerast under terreng.
Teikningar, snitt og fasadar ligg vedlagt.
Varsling/høyringsfrist
Varsel om reguleringsendring og nabovarsling for tiltak vert sendt til offentege høyringsinstansar og heimelshavarar innanfor/tilgrensande planområdet. Aktuelle plan- og byggsøknadsdokument ligg vedlagt.
Eventuelle merknadar skal fremjast skriftleg og sendast til:
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn eller postmottak@stryn.kommune.no
Fristen for å kome med merknad er sett til 06.11.23.
Plankart (PDF, 163 kB)
Planbeskrivelse (PDF, 2 MB)
O-søknad (PDF, 794 kB)
Ny fasade teikning (PDF, 2 MB)
Teikning ny plan (PDF, 439 kB)
Skredfarevurdering (PDF, 8 MB)
Føresegner (PDF, 382 kB)