Planprogram for kommunedelplan for helse, sosial og omsorg ute til høyring

Stryn kommune har starta arbeidet med kommunedelplan for helse, sosial og omsorg. Frist for innspel er sett til 14. april 2019.

Vedtak om oppstart, og høyring av planprogram, vart gjort av helse- og sosialutvalet i møte den 29.01.19, sak 004/19, med heimel i plan- og bygningslova § 11-12 og § 11-13.

Planprogram helse og sosial (PDF, 2 MB) er no sendt ut på høyring. Stryn kommune ønskjer å få innspel til vidare arbeid med planen.

Planprogrammet er i tillegg lagt ut til gjennomsyn på kommunesenteret, Stryn omsorgssenter, Vikane omsorgssenter og Stryn legekontor i tida 26. februar til 14. april 2019.

Her står det kva føremål planarbeidet har, planavgrensing, skildring av planprosessen m.m.

Eventuelle innspel til planarbeidet eller til planprogrammet kan sendast til postmottak@stryn.kommune.no eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 STRYN.

Frist for innspel 14. april 2019.