Reguleringsendring Vikaleirane, utviding, melding om offentleg ettersyn

Mål for planarbeidet er å gje rom for utviding av industriarealet for verksemder på Vikaleirane i Stryn. Dette blir gjort i samsvar med godkjent kommunedelplan for Langeset - Stryn - Storesunde.

Planområdet er utviding av eksisterande industriareal i sjø mot vest og nord i Vikabukta. Området er regulert til industri/næringsaktivitet, og er utbygd med lokale for slik verksemd. Fleire bedrifter er etablert her, med ein god del arbeidsplassar.

Jfr. Sektorutval for tekniske saker, møte den 08.01.19, sak 004/19 .

I samsvar med plan- og bygningslova 2008 §§ 12-11,14 blir framlegget lagt ut til offentleg ettersyn i tida 15.01.19-26.02.19 på Servicekontoret til Stryn kommune, Tonningsgata 4.

Planframlegget kan du sjå på her søk på nr 2017004

Merknader sendast skriftleg til Stryn kommune v/sektorutval for tekniske saker, Tonningsgata 4, 6783 Stryn

eller på e-post: postmottak@stryn.kommune.no innan 26.02.19