Tildeling av adressenummer

Adressenummer på nokre vegar ligg no i kommunekart tilgjengeleg for innsyn. Innbyggarar kan gå inn i planen og sjå kva veg dei er tilknytt, kva adressenummer dei er tildelt, samt om rett tal einingar er oppretta på bustaden/ eigedomen.

Høyringsperiode 02.04.2019 – 30.04.2019

Siste frist for innspel er: 30.04.2019

Innspel med grunngjeving skal sendast skriftleg til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn eller på e-post til postmottak@stryn.kommune.no , skjema for høyringsuttale kan også nyttast.

No kan innbyggjarar i Stryn sjå kva adressenummer dei er tildelt og kva veg dei er tilknytt, samt utkast til skiltplan i kommunekart.

Flytt deg til området du vil sjå planlagt adresse ved å "klikke og dra" og skrolle deg inn og ut, eller søke på eigedom eller stadnamn i søkefeltet. For å sjå utkast til skiltplan går du på kartlag og haker av for skiltplan.
 
 
Vegadresser skal berre tildelast bygg som blir brukt til bustad- eller fritidsføremål, næringsverksemd eller anna offentleg verksemd. Adresse vert tildelt pr. hovudinngang. Landbruksbygg, garasjar, lager, campingvogner er eksempel på einingar som ikkje får ei vegadresse.
 
Kommunen ynskjer innspel om:

  • adressa viser til feil veg
  • det er fleire eller færre einingar i bustaden
  • det er fleire eller færre bygningar på eigedomen
  • det er tildelt feil adressenummer

Merk at adressenamn og skrivemåte er vedteke og er ikkje gjenstand for innspel.

Logikk bak nummereringa

Frå start på vegen skal bygningar på høgre side ha oddetalsnummer og bygningar på venstre side ha partalsnummer

I tettbygde strøk, fortrinnsvis der det er ein reguleringsplan/detaljplan, vil ein tildele hus-nummer fortløpande etter kanten på vegen, og berre sette igjen ledige hus-nummer der det er konkrete planar for utbygging/fortetting.

I mindre tettbygde strøk vil det bli tildelt adresser etter avstandsprinsippet. Du kan lese meir om dette i brosjyren Tildeling av vegadresser

 

Er det feil på din registrerte bustad?

Alle bustader med utleigedel/ 2 leilegheiter med separate inngangar skal ha tildelt 2 adresser. Har din bustad fått 2 adresser, men har  ikkje lenger 2 leilegheiter kan dette skuldast at registrering i matrikkel ikkje er oppdatert.
 
Kommunen ynskjer å rette opp i eventuelle feil. Innspel i høyringsperioden fører til at vi kan fatte vedtak på mest muleg korrekt grunnlag.

Vedtaksbrev med tildelt adresse vil bli sendt ut etter at innspel frå høyringa er gått igjennom. Vi anbefaler å vente med innkjøp av hus nummer til vedtaksbrevet er motteke og klagefristen er over.