Val av meddommarar til tingrett, lagmannsrett, jordskifterett og skjønnsmedlemmer til tingretten

Valnemnda har handsama fleire saker om val til domstolar for perioden 2021 - 2024. Sakene vart handsama i møte 30. april 2020.

Frå 3. mars har dei dei som ønskjer det, kunne sende inn skjema for å melde interesse for desse verva. Etter reglane i domstollova skal Valnemnda sitt framlegg ligge til offentleg ettersyn i 14 dagar før kommunestyret skal handsame sakene.

Valnemnda sitt framlegg til vere tilgjengeleg på heimesida fram til 22. mai 2020.

Domstollova  § 67. Forslaget legges ut til alminnelig ettersyn i minst to uker. I kunngjøringen om dette oppfordres enhver som har noe å innvende mot forslaget, om å melde det til kommunen innen en fastsatt frist.

Etter å ha avgjort innvendinger og fritaksbegjæringer som er kommet inn etter kunngjøringen som nevnt i første ledd siste punktum, velger kommunestyret selv det antallet medlemmer til hvert av utvalgene som er bestemt etter §§ 64 og 65.

Her er Valnemnda sitt framlegg:

VN 11/20 Skjønnsmedlemmer til Sogn og Fjordane tingrett for perioden 2021 - 2024 (PDF, 551 kB)

VN 13/20 Meddommarar til Gulating lagmannsrett for perioden 2021 - 2024 (PDF, 562 kB)

VN 14/20 Meddommarar til Nordfjord jordskifterett for perioden 2021 - 2024 (PDF, 294 kB)

VN15/20 Meddommarar til Sogn og Fjordane tingrett 2021 - 2024 (PDF, 551 kB)

Dersom nokon av dei som er valde i Valnemnda sitt framlegg ønskjer fritak, eller det er andre som har merknad til framlegget, må de sende dette til postmottak@stryn.kommune.no eller i brev til:
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.  Frist 22. mai 2020.