Varsel om igangsetjing av planarbeid, Tindegrenda Stryn

Det skal leggast til rette for fritidstomter med vegar, friluftsområde og skiløyper for Tindegrenda Stryn. Dette er eit privat planframlegg som ikkje er utarbeidd av Stryn kommune. Frist for å sende inn merknader er 10. februar 2019.

I samsvar med plan og bygningslova §12-8 vert det varsla oppstart av detaljreguleringsplan for delar av område F013 og heile F019 og F020 i kommunedelplan for Bøasetra – Ullsheim i Stryn kommune.
Namn på planområdet er Tindegrenda Stryn.
Det vert samtidig varsla om oppstart av utbyggingsavtale etter plan- og bygningslova kapittel 17.
Planarbeidet vert utført av Areal+ AS på vegne av Tinde Utvikling AS

Formålet med planen er å leggje til rette for fritidstomter, med vegar, friluftsområde og skiløyper, dette er i tråd med godkjend kommunedelplan, der tema for miljø og samfunn er utgreidde. Det er vurdert at planen ikkje får vesentlege verknadar for miljø og samfunn.

 

Varsel om igangsetjing av planarbeid (PDF, 784 kB)


Det kan sendast inn spørsmål, merknader og synspunkt til planarbeidet til Areal+ AS, Storgata 64A, 2609 Lillehammer.
Eller på e-post til: olav.talle@arealpluss.no

Frist for å sende inn merknader: 10. februar 2019.

Plandokument: www.stryn.kommune.no søk og finn planregister, søk på planid-nummer 2019001.

 

Planområde - Klikk for stort bilete