Viktigaste friluftslivsområda i Stryn kommune

Det er sett i gong eit nasjonalt prosjekt med mål om å kartlegge og verdsetje dei viktigaste friluftslivsområda i alle kommunane i landet. Stryn kommune har ved hjelp av ei arbeidsgruppe, og også andre med lokalkunnskap om temaet, kartlagd og verdsett om lag 350 friluftslivsområde.

Kart og dokument i høve denne kartlegginga og verdsetjinga vert no lagt ut på ei avgrensa høyring. Aktuelle høyringsinstansar har fått/ vil få orienteringsskriv om høyringa. Det er på dette tidspunktet ikkje primært eit ynskje å få tips om fleire område som bør vere med i kartet, men kvalitetssikre dei områda som allereie er kartlagde og verdsetjinga av desse. Merknadsfrist er 20.11.2018.