a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

«Kjenne på lykka» med Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik

Bilde1.jpg - Klikk for stort bilete

Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik er på turne for Folkeakademiet Sogn og Fjordane med si humoristiske og varme forestilling «kjenne på lykka» og kjem til Stryn kulturhus torsdag den 12. oktober kl. 14.00.

 

Veslemøy konsert.jpg - Klikk for stort bilete

Dei turnerar i heile Noreg, og mange har allereie sett dei i aksjon. Repertoaret er tilpassa for eldre, men ideen er den same: Med songane og historiene sine ønskjer Veslemøy og Sven å inspirere og bevege mennesker, og ikkje minst: skape magiske augeblikk!

Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik har fått strålande kritikk for sin visekunst og musikalitet, både for tekstene, musikken og framføringa. «Kjenne på lykka» er ei humoristisk, raus og inspirerande forestilling, som samtidig seier noko viktig om oss sjølv og tida vi lever i.

Billett kr 130,- inkl. kaffi og vaffel.                                                            

Billettar kan kjøpast på våre nettsider www.strynkulturhus.no , på tlf. 57 87 47 65 eller kom innom kulturhuset.

 

Velkomne til Stryn kulturhus!

 

Publisert av Kari-Ann Kaspersen. Sist endra 03.10.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering