a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Kommunal garanti for lån - retningslinjer

Kommunestyret vedtok retningslinjene 16/5-17(KS39/17) . Stryn kommune har det siste året auka garantiansvaret vi har for andre sine lån. Ved å stille garanti for lån er det alltid knytt usikkerheit rundt den faktiske økonomiske belastninga dette kan gje kommunen, og vi bør difor sette ned nokon retningslinjer og reglar for at Stryn kommune skal gje kommunal garanti for lån.

 

 Garanti er ein type økonomisk disposisjon der det er knytt usikkerheit til den faktiske økonomisk belasting dette kan gje for kommunen. Kostnaden ved å stille garantiar belastas først kommunen i det garantiansvar blir gjort gjeldane. Garantiar inneber ein større usikkerhet enn lån i forhold til oversikt over framtidig økonomisk handlingsrom og forpliktingar. Det er ei fare for at ein kan undervurdere risikoen for at ein garanti skal bli effektiv , og derav overvurdere kommunen si økonomiske evne til oppfylle  garantiavtalane. Garantistillingar er vanskeleg å innarbeide i den økonomiske planlegginga då det er vanskeleg å berekne risiko, beløp og tidspunkt for at garantiansvaret  kan bli gjort gjeldane.

Kommunale garantiar styres i første omgang av kommuneloven § 51, samt forskrift om kommunale

og fylkeskommunale garantiar (FOR 200-02-02 nr 144). I tillegg kan EØS artikkel 61 om offentlig støtte slå inn i vurderinga om kommunen kan stille ein garanti eller ikkje. Kommunen må derfor bli meir varsam med å gi garantiar, og flinkare til å sjå garantien opp mot EØS avtalen.


Brot på EØS avtalen kan medføre at næringsverksenda som det er stilt garanti for, må tilbakebetale «gevinsten» den har fått i form av en offentlig garanti. I verste fall kan dette slå  næringsverksenda konkurs med påfølgjande rettssaker o.l.

Som nemnt inneber ein garantistilling økonomisk usikkerheit for kommunen om ein garanti blir godt gjeldane eller ikkje. Blir ein garanti gjort gjeldane, kan dette gå direkte på drifta vår og dermed gå utover dei andre tenestene kommunen skal tilby. For å imøtekome slike krav bør kommunen sjå på korleis ein kan ha ein reserve som ein kan bruke til tilfelle der garantikrav blir gjeldane.

Det siste året har garantiansvaret til kommunen auka og ein må no sjå på nærare retningslinjer for å stille garanti. Ved rekneskapsavslutning 2015 var garantiansvaret til Stryn kommune kr. 16.471.655,- og ved rekneskapsslutt 2016 var beløpet kr. 20.341.993,-, men i tillegg har vi vedtekne garantiar der låna ikkje er tatt opp ved årsskifter. Dette utgjer kr. 20.374.800,-. Samla garantiansvar for Stryn kommune er kr. 40.716.793,-.

Gjennom å ha retningslinjer for kommunale garantiar vil ein kunne betre vurdere risikoen kommunen tek i kvar enkelt sak om garanti for lån.

Ved søknad om garanti skal søkjar vise til beteningsevne til lånet etter dette er tatt opp. Der skal vere overskot nok i rekneskap og budsjett til at dei sjølv skal betene lånet dei søkjar om. Kommunen skal stille med sikkerheit og for å betre unngå at ein garanti blir gjort gjeldane må vi sikre at beteningsevne er på plass.

Verksemda sine vedtekter kan ikkje endast i garantiperioden utan at dette vert godkjent av garantist (kommunen) og av departementet.

Kommunen bør i hovudsak berre stille simpel kausjon når valet først er gjort, da ein sjølvskyldnarkausjon inneber økt risiko samanlikna med ein simpel kausjon. Ved simpel kausjon må kreditor ved eit eventuelt misleghald først søke dekning hos lånetakar, og kommunen sitt ansvar avgrensar seg til det som ikkje kan drivast inn her. Er der muligheit bør ein ta tilleggsikkerheit i lånetakar sin eigedom.


Retningslinjer for Stryn kommune ved kommunale garantiar:

  1. Alle søknader må innehalde:
  • Årsregnskap for dei siste 2 årene
  • Årsbudsjett for gjeldande år evt. også langtidsbudsjett
  • Budsjett som visar betjeningsevne etter låneopptak
  • Selskapets vedtekter
  • Søknaden som innehalde formål, ønsket tidshorisont og beløp.
  • Oversikt over prosjekt det søkast garanti til med planar, teikningar og finansieringsplan.
  • Kopi av lånetilsegn frå banken
  1. Søkjarar som kjem under definisjonen næringsverksemd i kommunelova § 51 2. ledd vil få avslag.
  2. Kommunen står fritt i å bestemme tidsavgrensing jf. forskrifta § 3.
  3. Tidlegare gitt kausjon/garanti betyr ikkje automatisk at ny kausjon/garanti blir gitt ved nysøknad.
  4. Stryn kommune stiller som hovudregel simpel kausjon, sjølvskyldnarkausjon stillast berreder dette er formålstenlig, og til samfunnets beste.
  5. Kausjoner/garantiar over kr 500.000,- må godkjennas av Fylkesmannen.
  6. Stryn kommune plikter å følgje EØS reglene om offentlig støtte, der kausjon/garantiar er definert som offentlig støtte.
  7. 5 % av garantibeløpet settast av til ubunde disposisjonsfond «Garantifond-kommunale garantiar».
Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 04.07.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering