a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Kommuneplan

Kommuneplan - Klikk for stort bilete Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel.

Samfunnsdelen skal vere grunnlag for sektorane sine planer og verksemd i kommuen. Arealdelen er juridisk bindande. Den består av eit hovudkart samt 14 delplanar som viser arealbruken med større detaljering.  

Dei tematiske kommunedelplanane har ein handlingsdel som syner korleis samfunnsdelen skal følgast opp. Kommunen har i tillegg nokre sektor- og fagplanar som er relevante for kommuneplanen. Desse finn ein ved å følgje lenkjene til venstre.

Kva for planar kommunen skal utarbeide/revidere i perioden 2012-2016 står i kommunen sin planstrategi (PDF, 2 MB)Den gjev ei samla oversikt og vurdering av kommunen sitt planbehov i inneverande kommunestyreperiode, basert på dei utfordringane kommunen står overfor.

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2013-2024 (PDF, 2 MB) er det overordna styringsdokumentet for kommunen. Hovudmålet for kommuneplanen er Vekst basert på bulyst og næringsutvikling. For å nå hovudmålsetjinga skal det leggast vekt på dei tre satsingsområda Folkehelse, Tilrettelegging for næringslivet og Bulyst og bustadtilbod.

Kommuneplanen sin arealdel med dei geografiske kommunedelplanane ligg på kommunen sin kartløysing, ved å slå på kartlaget plankart. Linken (kart) og veiledning (Finn planar på kart) ligg nedst til høgre under fanen Om Stryn. Ein finn også desse i pdf-format under lenkja Gjeldande kommuneplan til venstre.

Den sist reviderte kommunedelplanen er Langeset-Stryn-Storesunde, som blei vedteke 16. mai 2017. Hovudføremålet med planen var mellom anna å leggje til rette for nye næringsområde, nye bustadområde, fleire gang- og sykkelvegar og betre sentrumsutforming.

Hausten 2017 skal kommunen starte revisjon av kommunedelplan for Oppstryn. Framlegg til planprogram vil bli lagt ut til offentleg ettersyn samstundes som det blir varsla oppstart.

Det er i hovudsak opna for innspel til planane i samband med oppstart /høyring av planprogram og ved offentleg ettersyn. Innspel til kommuneplanane kan då sendast til postmottak@stryn.kommune.no eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 STRYN. Dette kan gjerne gjerast ved hjelp av skjema (PDF, 208 kB).

Publisert av Lisbeth Lervik. Sist endra 12.07.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering