a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Kultur og fritid

Kommunevåpen (lite) - Klikk for stort bilete

I Stryn har vi eit rikt og variert kulturtilbod. I menyen til venstre finn du meir om dei ulike tenestene i kommunen.

Kulturkontoret si hovudoppgåve er generelt kulturarbeid og tilrettelegging for det lokale kulturlivet. Dette inneber m.a. følgjande arbeidsoppgåver: Handsaming av søknader om kulturmidlar, spelemidlar, barne- og ungdomsarbeid,  kulturtilbod i skulen (DKS), arrangement, kino, symjehall, bibliotek, kulturskule. Leiar for kulturavdelinga er og barn og unge sin representant i planlegging.

Musikkbingen, MOT,  og Ungdomsrådet er ungdomstiltak som er administrativt lagt til kulturavdelinga.

Kulturavdelinga har som mål å leggje til rette for/arrangere ulike typer kulturarrangement gjennom året, som t.d. teater, utstillingar og konsertar. Vi har og nokre faste arrangement og tiltak som t.d. Kulturnatt og Ungdommens kulturmønstring (UKM)

Ei anna viktig oppgåve er å leggje til rette for idrett og fysisk aktivitet, der kommunedelplan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er eit viktig verktøy. Planen inneheld handlingsprogram med prioriterte tiltak innan idrettsanlegg og nærmiljøanlegg.

Kommunedelplan for kultur er eit viktig verktøy for utvikling og satsing innan kulturområdet i kommunen. Planen vert etter plan- og bygningslova revidert kvart 4.år og handlingsprogrammet vert rullert årleg.

Kulturavdelinga har ansvar for drift og utvikling av kulturhus, kino, symjehall, bibliotek og kulturskule. Leiarar for ytre einingar er:
Kulturskulen                                      Ketil Rasmussen (rektor)
Kulturhus, kino, symjehall                 Kari-Ann Kaspersen
Bibliotek                                            Kristin Hatledal

Leiar for kulturavdelinga er Myrtel Janne Thomassen. Ho kan du treffe på 57 87 47 53 eller på epost: myrtel.thomassen@stryn.kommune.no

Publisert av Karen Stølen. Sist endra 27.09.2013
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering