Elevprisen

Stryn kulturskule delar kvart år ut ein elevpris. Kva som må til for å gjere seg fortent til prisen kan du lese under. 

Kven kan bli nominert til elevprisen?

  • Stryn Kulturskule sin elevpris blir delt ut til ein elev som har gjort stor innsats og vist stort engasjement i sin valde disiplin i løpet av skuleåret.

Kven er det som plukkar ut elevar som kan bli nominert?

  • Lærarane i kulturskulen kjem med forslag til gode kandidatar mot slutten av vårsemesteret.

Kor mange elevar blir nominert?

  • Ein lærar får normalt nominere ein av sine elevar innan kvar disiplin. Men lærarar som har mange elevar kan fremje to kandidatar. 

Må lærarane nominere elevar?

  • Nei. Lærarane nominerer berre kandidatar dersom dei har vist god innsats og stort engasjement i løpet av heile skuleåret. 

Korleis får ein vite om ein er nominert til prisen?

  • Etter at alle kandidatane er blitt fremja, blir elevar og foreldre informert av rektor. Lista med kandidatane kan òg bli publisert i media. 

Korleis blir vinnaren valt ut?

  • Vinnaren blir valt ut ved loddtrekning. Dette fordi kulturskulen ikkje ønsker at det skal vere ein konkurranse om vere best, men ei ekstra påskjønning til ein som har gjort ein god innsats og vist stort engasjement gjennom heile skuleåret. 

Kor stor er prisen?

  • Elevprisen er på kr. 1.000,-