Fagtilbod og vekeplanI kulturskulen vår kan du mellom anna lære å synge, spele piano, gitar, ukulele, bassgitar, fele, hardingfele og trommer. I tillegg har vi grupper for kulturkarusell, aspirantar, band, teater, dans og visuell kunst. Det kan også dukke opp kortare bandkurs eller danseworkshops i løpet av året i samarbeid med UKM. Om du lurar på noko, kan du lese meir om faga vi tilbyr ved å klikke på menyboksane over.For yngre elevar anbefalar vi kulturkarusellen. Der får elevane prøve fleire ulike instrument og aktivitetar i løpet av året. Kulturkarusellen er i utgangspunktet eitt-årig og er meint å gi ein smakebit på tilboda vi har.Følg med på Facebook, Instagram og her på heimesida for meir informasjon. Sist endra 10.04.2025 16.01
Gitar Hovudmålet i gitarundervisninga er å lære å spele songar for seg sjølv eller saman med andre. Gitartimen varer i 20 minutt og er ein gong i veka. Vi t...