I bandundervisninga får elevane utvikle samspel og samarbeid med andre musikarar. Tilbodet er for elevar som har spelt eit instrument eller gått på songundervisning ei stund, og ønskjer å ha ukentlege bandøkter. Det er ein fordel at eleven kan instrumentet sitt litt frå før.

Elevane får også tilgang til bandbingen på kulturskulen for å øve sjølv. Songar blir valt saman, og læraren fungerer som bandleiar. Målet er at bandet skal fungere sjølvstendig i innlæring og framføring.
Elevar må ha med eige instrument (trommeslagarar treng ikkje instrument) og bør ta med notene vi jobbar med.
Lærar er Erik Vinje.
Påmelding skjer på Stryn kulturskule sine nettsider via Speedadmin.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål: Erik.Vinje@stryn.kommune.no