Gitar

Hovudmålet i gitarundervisninga er å lære å spele songar for seg sjølv eller saman med andre. Gitartimen varer i 20 minutt og er ein gong i veka. Vi tilrår at eleven er 10 år eller eldre for å lære å spele gitar.

Å lære å spele eit instrument er ein prosess og tek tid. For å oppleve meistring og musikkglede er det viktig at eleven øver heime. Gjennom året har vi konsertar av ulik storleik som elevane kan opptre på. Nokre gongar set vi saman ulike elevar for å jobbe med samspel.

Eleven bør ha eige instrument, men kulturskulen leiger også ut instrument om det er ønskjeleg.
 


Lærarar er Erik Vinje og Kristian Haugen.
Påmelding skjer på Stryn kulturskule sine nettsider via Speedadmin.


Ta gjerne kontakt ved spørsmål: 
Erik.Vinje@stryn.kommune.no eller Kristian.Haugen@stryn.kommune.no

Artikkelliste