I messing- og treblåstimane jobbar vi med å lære å spela songar frå notar.
Undervisninga er ukentleg. Vi tilbyr både individuell undervisning og gruppeundervisning. Individuelle timar varer i 20 minutt, medan lengda på gruppetimane varierer etter kor stor gruppa er.

Å lære å spele eit instrument er ein prosess og tek tid. For å oppleve meistring og musikkglede er det viktig at eleven øver heime. Gjennom året har vi konsertar i ulike format som elevane kan opptre på. Elevane kan låne instrument gjennom kulturskulen.
Lærar er Ingebrigt Kyrkjeeide
Påmelding skjer på nettsidene til Stryn kulturskule via Speedadmin.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål: Ingebrigt.Kyrkjeeide@stryn.kommune.no