Piano

I pianoundervisninga jobbar vi med å spele songar frå noter. 

 

Undervisninga er ukentlig, og kvar time varer i 20 minutt. Vi tilrår at elevane er 10 år eller eldre for å starte med piano.

Å lære å spele eit instrument er ein prosess som tek tid. For å oppleve meistring og musikkglede er det viktig at elevane øver heime. Gjennom året får elevane moglegheit til å opptre på konsertar av ulik storleik. Nokre gongar set vi saman elevar på tvers av nivå og instrument for å jobbe med samspel.

Elevar må ha eit piano eller keyboard heime for øving. Vi kan leige ut instrument på skulen. Vi brukar ulike pianobøker i undervisninga, men det er ikkje krav om å kjøpe desse.

Lærarar er Stine Storevik og Kristian Haugen
Påmelding skjer via Speedadmin.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål: Stine.Storevik@stryn.kommune.no eller Kristian.Haugen@stryn.kommune.no via e-post.

Artikkelliste