Teaterundervisninga er for alle! Den passar for elevar i alle aldre og nivå. Hovudmålet er å hjelpe elevane til å tørre å stille seg fram, by på seg sjølv, og lære å bruke kropp, stemme og uttrykk på scena.

Vi jobbar med samarbeid, tillit til gruppa, og jobbar med replikker, eigenlaget materiale, improvisasjon og musikal. Undervisninga skjer i grupper og er ukentleg. Timane varer i én time og vi øver til framvisningar der elevane får vise fram det dei har lært.
Det er inga krav til spesielle klede – kom som du er!
Lærar er Isabel Ravn Reeh.
Påmelding skjer på Stryn kulturskule sine nettsider via Speedadmin.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål: Isabel.Reeh@stryn.kommune.no