
Timane er hovudsakleg individuelle og varer i 20 minutt ukentlig.
Å lære å spele eit instrument er ein prosess og tek tid. For å oppleve meistring og musikkglede er det viktig at eleven øver heime. Gjennom året har vi konsertar av ulik storleik som elevane kan opptre på. Nokre gongar set vi saman ulike elevar for å jobbe med samspel. Vi tilrår at eleven er 10 år eller eldre for å lære å spele trommesett.
Eleven bør ha noko å øve på heime, som øvingspad eller trommesett. Kulturskulen har eit elektrisk trommesett til utlån. Trommestikker får elevane ved oppstart, og dei bør ha med ark med noter.
Lærar er Hans Magnus Nedreberg.
Påmelding skjer via Speedadmin.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål: Hans.Magnus.Nedreberg@stryn.kommune.no